• Wix Facebook page
  • Wix Twitter page

Våre aktivitetar

Aktivitetane blir forma etter behov. Nokon ynskje?
Utlån av syklar, hjelmar, fiskeutstyr, tursekkar, lavvo og ski/skøyter. Kom gjerne innom på onsdagar, eller ring for avtale på 905.95439. 

Frivilligsentralen har formiddagstreff kvar onsdag klokka 10.00 - 12.00.

Ope til kl 17.00.

Vi har ulike brettspel og Dart spel. Vi prøver på Dart øving kvar onsdag. Øving gjer mester :) 

Formiddagstreff

Kvar onsdag klokka 10.00 - 12.00. Kom innom for ein hyggeleg prat, og litt tjuvtrening på Dart om du vil :) 

Felles gåturar/sykkeltur med taxisykkel

Dersom det er interesse for det, går vi kvar onsdag kl 12.00  tur i nærområdet. Vil du vere med på fellestur, er det bare å møte opp ved Frivilligsentralen. Triveleg med godt selskap av andre turkameratar :)  Vi går i akkurat passe tempo, og turen er i akkurat passe lengde. Fyresdal har flotte turområde, og der Hamaren er lett tilgjengeleg og passar for alle. 

Skulle nokon ha lyst til å prøve seg som sykkelpilot, er det mogleghet for det. Vi treng frivillige som sykkelpilotar, her er det bare å melde seg :) :)

Fyresdal Frivilligsentral

Sentralen er ein møteplass for enkeltmenneske, lag/foreningar og det offentlege.

 

Å vere frivillig ein eit flott bidrag til lokalmiljøet, og ein fin måte å lære nye ting på og få nye venner.

Ønsker du å vere frivillig, tenk gjennom kva som engasjerar deg, saker du er opptatt av og kva oppgaver du kunne tenke deg å gjere. Frivillighet er ulønna oppgaver og det er viktig å trives med oppgåvene. Du bestemmer sjølv, kor mykje tid du vil bruke.

 

Kvirfor vere frivillig? Svaret er nok for det meste eit ønske om å gjere noko for andre, gjere noko i sitt lokalmiljø og eit ønske om å bli kjent med nye mennesker. Frivilligsentralen skal vere ein trygg og god møteplass for alle som har lyst til å delta i frivillig arbeid.

 

Målet er å formidle kontakt og tilby lokalmiljøet det dei har behov for. Nokon treng hjelp og nokon frivillige ønsker å hjelpe.

 

Har du lyst til å vere frivillig, og gjere noko for andre? Kanskje ønsker du hjelp av frivillige eller har tips til oss?  Brenn du for eit eget prosjekt, som kan skape aktivitet hos oss?

 

Frivilligsentralen er godt i gang, og vi har nokon frivillige som har meldt seg. Så langt er det nokon som har meldt at dei kan bidra med å gå på besøk, få besøk, handle, ta med på tur og kanskje og prøve seg på el.sykkel 😊. Dei frivillige bestemmer sjølv omfanget.

                                                                                                             

 

Har du eit behov for hjelp frå frivillige, ta gjerne kontakt med oss på sentralen, på telefon eller via melding.

 

Formiddagstreff frå kl. 10.00 – kl. 12.00.

 

Kvar onsdag kl 12.00 går vi tur i nærområdet, om det er interesse for det. Vil du vere med på fellestur, er det bare å møte opp ved Frivilligsentralen. Triveleg med godt selskap av andre turkameratar 😊 Vi går i akkurat passe tempo, og turen er i akkurat passe lengde. Fyresdal har flotte turområde, og der Hamaren er lett tilgjengeleg og passar for alle. 

Då er det er og mogleghet for å prøve seg som sykkelpilot. Vi treng frivillige som sykkelpilotar, her er det bare å melde seg :) :)

 

Vi minner og om at sentralen har utstyr for utlån. Sykkelsesongen går mot slutten nå, men for komande vinteraktivitetar har vi ski, skisko og stavar, samt skøyter for utlån.

 

Kom gjerne innom for ein hyggeleg og uforpliktande prat.

Saman skal vi forme vegen vidare! Bli med å forme frivilligsentralen vår!

Følg oss på nett/facebooksida vår 😊

 

​ Tlf.nr.: 905 95 439  e-post: fyresdal.frivillig@gmail.com

www.fyresdalfrivillig.no

Vi er og på Facebook  

Aktivitetar vil styre opningstidene.