• Wix Facebook page
  • Wix Twitter page
Velkommen

Folkestadgata 10.

Onsdag, formiddagstreff

kl 10.00 - kl 12.00

Ope til kl 17.00.

Aktivitetar vil styre opningstidene.

Våre oppgåver

Vil du hjelpe oss med å hjelpe? Kvar onsdag er Frivilligsentralen på plass i sentrum.

Byttesentral

Har du pent bruka sportsutstyr? Vi samlar inn til ein byttesentral.

Kva skjer?

GÅ VIDARE I FYRESDAL.

Ny dato kjem seinare

Vi har hatt temadagar om døden 2 gonger ,  v/ Eilev Erikstein.

Sitat: Døden er viss, men timen er uviss.

 

Vi vil prøve å få til temadager med andre tema seinare i år. Har du tips, ring eller send melding til oss

Gå Vidare gruppe, i Fyresdal. Slike grupper er det fleire av i Vest- Telemark. I formen er det enklare sorggrupper. Fyrst ein liten tur på ein halvtime, så kaffe og prat, alt ettersom ein kjenner for. Fysiske vandringa, rytme og bevegelse er god terapi for å regulere kjensler, og for å kunne sette ord på vanskelege tankar. Gruppa er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Prostidiakonen,og er open for alle som kjenner at dei vil vere med på og skape ein stad for "å gå vidare." 

Syklar, hjelmar, lavvo, fiskeutstyr og tursekkar

Du kan låne utstyr av oss.

Vi har syklar og hjelmar for utlån, både til liten og stor.

 

Vi har og lavvo, fiskestengar og tursekkar for utlån. Sluk, spinner eller markkrok/dupp må du kjøpe. Vi har det du treng, for å prøve fiskelykka 😊

Vi er tilgjengeleg på tlf 905.95439 alle vekedagar, frå kl 08.00 til kl 15.00.

Du kan og kontakte oss på facebook.

                            

Ta gjerne kontakt med oss i god tid om du kan. 😊

 

 

 

 

 

Fyresdal Frivilligsentral

Kvar onsdag

 

Formiddagstreff frå kl. 10.00 – kl. 12.00. Ope til kl 17.00.

Onsdag, 18.09.2019 er det dessverre stengt.

Vi har Dart trening, onsdagar på Frivilligsentralen

Har du lyst til å tjuvtrene litt, er du hjarteleg velkommen 😄 Vi satsar på å «knekke» kastekoden, og får hjelp av ein lokal læremester, og reknar med å bli rektig så flinke 😊👍💥💥

 

Frivilligsentralen er ein møteplass som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet, nokon treng hjelp og nokon ønsker å hjelpe. Samarbeid med lokale lag og foreningar og andre frivillige er då ein viktig del.

 

 

Kom gjerne innom for ein hyggeleg og uforpliktande prat.

Saman skal vi forme vegen vidare !

Følg oss på nett/facebooksida vår 😊

 

Utlån

Øvelsekjøring og sykkelpilot på Taxisykkel: 

Noken som kunne tenke seg å vere frivillig ?  Ta kontakt på tlf 905.95439

Interesse for felles gåturar/sykkeltur med taxisykkel ?

Kvar onsdag kl 12.00 går vi tur i nærområdet om det er interesse for det. :)  Tek atterhald på vêret :) Vil du vere med på fellestur, er det bare å møte opp ved Frivilligsentralen. Triveleg med godt selskap av andre turkameratar :)  Vi går i akkurat passe tempo, og turen er i akkurat passe lengde. Fyresdal har flotte turområde, og der Hamaren er lett tilgjengeleg og passar for alle. 

Skulle nokon ha lyst til å prøve seg som sykkelpilot, er det mogleghet for det. Vi treng frivillige som sykkelpilotar, her er det bare å melde seg :) :)

Har du gamle bilder frå Fyresdal ?

Møt fram på 

Fyresdal Frivilligsentral, onsdag 08.05.2019, kl 18.00 - 19.30

Vi vil gjerne at dikkon som har gamle bilder eller fotoalbum heime, tek med desse. Sikkert mange som har gamle bilder, og som ikkje veit kven som er avbilda, eller kvar bilda er teke. Saman kan vi kanskje finne utav det 🤔

Ikkje minst er historien om gamle bilder og stader veldig interessant 😄
Nokon har mykje kunnskap om gamle bilder, andre er meir usikre, det er ikkje alltid så lett å kjenne seg att. Ventar ein for lenge, er det til slutt ingen som veit. Veldig trasig, når ein er for seint ute med å innhente opplysningar.
Kanskje nokon forskar litt på slekta si, eller har lyst, men ikkje kome i gang. Saman kan vi hjelpe kvarandre, utveksle erfaringar og lære å utforske dei kildene som er tilgjengeleg digitalt?
Dersom det er interesse for det, kan vi ha fleire møte utover høsten. Vi kan diskutere litt om kva innhald det bør vere, og vidare framdrift.
Velkommen til bilde og historiekveld 😊
Bildet frå Fyresdal er eit postkort, poststempla 1921.


Framsyning av gamle bilder  frå Fyresdal

 

 

Onsdag  21.11.2018. På Frivilligsentralen frå kl. 18.00-20.00.

Bildekveld, med framsyning av gamle bilder frå Fyresdal.

Folk og gardar frå tidlegare tider.

 

Framsyning v/ Gunhild Momrak.

 

Vi gledar oss 😊

 

 Hvis nokon vil bidra her, og har historiar frå ¨gamle dagar¨, i tilknytning til desse plassane, er det kjempemoro !

 

Kanskje vi kunne få til ei uformell frivillig ¨Historiegruppe¨ om det er interesse for det?

Eller kanskje nokon er interessert i slektsgransking ?  Det ligg og ute mange bilder på ulike nett- og facebook sider. Utveksling av måtar å finne bilder / slektsopplysningar på. Dersom nokon har god erfaring på dette, og vil vere frivillig og lære opp ¨nybegynnarar¨, hadde det vore heilt topp 😊

 

 

 

Tlf.nr.: 905 95 439  e-post: fyresdal.frivillig@gmail.com

www.fyresdalfrivillig.no

Vi er og på Facebook

Bli med å forme frivilligsentralen vår!

 

Her kjem nokre bilder fra bildekvelden på Frivilligsentralen. Tusen takk til Gunhild for framsyninga, og alt ho kunne fortelje. Takk også til eit engasjert publikum :) :) 

IMG_4591